Bil

tu

Dette var min første bil: Ford Taunus 1,6
(73 hk) 1974 mod. Kjørt 19400 km når eg kjøpte den i august 78.
Heilt grei bil, kjedelig men den funka...
Hadde den til 1980.

gra Granada 2.0 (99 hk) Taunusen blei bytta inn i denne i 1980. Var kjørt ca 35000 km ved kjøp. Eg hadde den til 1984.
Fin bil i dei dagar, fekk den billig sidan det var todørs, men det var heilt greit for meg.
Såg nåke smale ut dei hjula........
tra Kjøpte varebil i 1984. Var bonde og ville utgiftsføre bil, men det var ikkje så enkelt.
Grei å kjøre på god veg, men begynnte å spinne før det blei meldt snø og glatte vegar. Løfta på indre bakhjulet i skarpe svingar......
roc I 1985 kjøpte eg denne Rockyen heilt ny. Kosta 125.000,- Hadde den eit år og solgte den for 135.000,-........ I 1986 blei det grøne skilt på varebilar, skiljevegg og ein hadde ikkje lov til å ha passasjerar i varerommet........ Difor blei eit år gamle varebilar etterspurt vare.
den hadde 2,8 liters turbodiesel og 4WD, høg og låggir. Ein skikkelig slitar. Var heilt oppunder Akslandsnuten med den.
mb

Ville ha komfort, Mercedes Benz 190, 1983 mod. 2 liter bensin, 122 hk. Skikkelig god bil i 1986. Hadde den frå 86 til 92.

pass Måtte ha "Passelat" i 92, for å få plass til barnevogn o.l. 1,8 liter 112 hk.
Grei bil med god plass, men ikkje noko meir.
Hadde den til 98 og kjøpte så ein Opel Vectra 1,7 turbodiesel, den er ikkje verdt eit bilde ein gong...Solgte den i 99.
bm Så kom Bamsen sjøl til gards, beste bilen me har hatt.92.mod BMW 525 tdsa.
143 hk 6 syl. diesel og 5 trinns automat. Hadde den frå 1999 til 2005.
bmv BMW 320d Touring, fin og god.
2005 -?
hond Honda H-RV, Driftsikker og god bil,problemfritt bilhold. 2002 - ?
porsche Porsche 911 SC, 1981.
3,0 l boxersekser, datasprut, rustfritt effektanlegg, 964 kammer. gt3 bremser, RUF speedline felger. Svart skinnint. Rått og brutalt, må opplevast......Hk, ca 250.
2007 - ?
vol

Arbeidsbil på slutten av 80 talet.
Volvo 210 Duett 1964 mod. B 18 motor
Solid sak.
Hadde seinare ein Nissan Varebil,
Mazda Pickup og ein Subaru L serie.

aus Nina sin første bil med startknapp...
Austin Maxi.
passatt Den neste bilen til Nina, som hadde ei eigen evne til å ta seg ein tur på eigen hånd..... Passat 1974 mod.
   
   
   
   

pors

Ta kontakt med Ola for bilpleie:

Utvendig: Vask, avfetting, claying, lakkrens, lakkforsegling og avsluttar med to lag kvalitetsvoks frå Swissvax.
Plastfornyar på plastdetaljar. Felgrens og felgvoks på lettmetallfelgar. Eventuellt ripefjerning.
Innvendig: Støvsuging og vasking, og vask av vindauge.
Nyttar kun kvalitetsprodukter frå: Swissvax, Duragloss og Meguiars.
Denne behandlinga skal ved rett vasking etter behandling vare 8 - 10 gonger lenger enn vanleg boning med f.eks. Turtle.
Blir utført i oppvarma garasje, været er ingen hindring.
Grunna herding og div. må eg ha bilen ca 1,5 dagar.
Du kan sjå nokre bilder her .
Ola Skipevåg tlf. 976 00 791 e-post: olaskips@hotmail.com